Historien

Historien om Sion Seljordshei – nå Sion-kyrkja i Seljord

Av: Anny Fosse

På Seljordshei var det nok ikkje stor møteverksemd i fyrstninga av nittenhundre. Så fekk Sigurd Nes satt opp eit bedehus på Garvikstrondi, og der vart møte iblant av ein eller annan emmisær eller av presten. Elles for vel folk til kyrkja i Seljord no og da.

I 1921 skjedde det ei stor endring i livet til Ingebjørg Dale. Dei hadde møte av Arthur Corneliussen i Kviteseid. Dit kom Imma (Ingebjørg) og vart frelst.

Imma vart eit radikalt vitne frå fyrste stund og snart vart dei fleste syskena hennar også med. Hausten 1922 gjekk Imma og systera Kalla (Kari) i dåpens gray, og nokre veker etter drog dei på bibelskule i Filadelfia Kristiania.

Det var noko dei kunne i dennne tida, og det var og be. Imma hadde lønnkammeret sitt i kvernhuset ved ei lita elv. Her ropa ho til Gud om frelse for folk. Far hennar høyrde ropet i mellem elvesusen og trudde noko var gale. Då han reiv opp døra og såg Imma på kne, vart han sinna og sa at det gjaldt vel ikkje livet vel.

“Det gjeld meir enn livet,” svara Imma.

I slutten av tjugeåra starta Imma i periodar å reise som evangelist i bygdane i Vest-Telemark. Kalla vart også med ho. Dei fekk be med fleire til frelse. Men heimstaden vart ikkje gløymd. Ei lita stoge på ein husmannsplass som hette Kåsi vart pussa opp slik at dei hadde ein plass å samlast i til bøn. Når dei hadde offentlege møte eller festar fekk dei låne Nes bedehus eller Napastå skule. Halvor Djupedal var her mykje og preika, og seinare når folk vart frelst var det han som døpte dei fleste. Somme stader kom heile huslyden med. Slik var det på Napastå. Det var ikkje mange huslydar på Seljordshei som ikkje på ein eller annan måte var berørt av vekkinga.

Gjennombrotsåra var vel 1933/34. Vi skal ta med litt frå eit brev som Margit Napastå sende til Imma. Imma virka då i Fyresdal. Margit har i brevet skrive om fire som bar blitt med nyss. Så avsluttar ho, men innan ho får sende brevet har det gått eit møte til, og ei har til mottatt den store gåva. Margit skreiv: “Ja det kjem inn sjeler etterkvart her, så snart blir det ein stor menighet. Ja, det er storarta korleis det gjeng fram.”

Menighet vart det i 1937, og namnet vart Sion. Til eldstebror vart Halvor Napastå og Tor Øverland valgt. Nokre år etter vart Helge Haave vald som leiande elste. Lokalet vart bygd under krigen. Dei fleste av dei som hadde blitt frelst sto fast, men ikkje alle gjekk inn i menigheten. Nokre flytte ut og andre vart verande i kyrkja. Men ein vind hadde blåse over heia og gjeve ei klimaendring.

Åra gjekk. Den vesle venneflokken var trufast til å samlast til bøn ofte i Kåsi, og dei hadde møte i lokalet eller i husa. Dei var også trufaste til å gje til misjonen. Men etterkvart døydde dei gamle og det var få til å ta opp arven.

Etter at menigheten nesten ikkje hadde att medlemmer vart det snuing. Familien Heggtveit gjekk inn i Sion saman med nokre menighetsbarn. Så kom det ein nå og ein da til menigheten. I dag er dei fleste møta lagt til det nye lokalet i Seljord sentrum. Namnet er no Sion-kyrkja. May Heggtveit er pastor. Menigheten Sion var tufta på bønn i farne tider, og den arven vert førd vidare. I tillegg til anna verksemd er det vanlegvis bønnehelg ein gong i månaden og husgrupper kvar veke.